![]() ![]() |
||||||||||||||||
|
||||||||||||||||
Stauder til anlegg Kravet til dagens plantingar, er at dei skal vera mest mogeleg vedlikehaldsfrie, men også ha stor opplevingsverdi for brukar. Med tanke på å unngå etablering av frøugras, er særleg dei storblada staudene aktuelle. Stauder med store, gjerne basalstilte blad, eller stauder med tett, kraftig bladvekst, slepp så lite lys til marka under, at frøugras ikkje etablerer seg. Mange stiller heller ikkje krav til deling eller klipping. Desse staudene har ein rask tilvekst, samanlikna med buskar får ein i dei fleste høve ei raskare etablering og tett plantedekke. Meir innhaldsrike plantingar, der ein brukar mange sortar, stiller større krav til vedlikehald. Men med god planlegging og bruk av kraftige sortar, vil også desse plantingane kunna forsvara sin plass i offentleg anlegg. Eit fast program for skjøtsel vil vera avgjerande.
|
||||||||||||||||
![]() |
||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||