line decor
  
line decor

 
 
 

Prydgras 2011

Lat opp porten og slepp dei inn! Eg er sikker på at dette er eit besøk du vil få stor glede av. Bladverket skapar fine kontrastar, og mange har spesiell og vakker vekstform, ofte med dekorative strå eller aks. Under er lista opp dei sortane me har i produksjon, og me vil etter kvart utvida sortimentet. Er det spesielle sortar du er ute etter, vil me gjerne prøva å få tak i desse.

Lukke til med bruk av prydgras!

2001    Calamagrostis x acutiflora ’Karl Foerster  røyrkvein
Veks i tette tuer. Bryt tidleg om våren. Aks i opprette toppar, fløyelsgrå på farge, gule om hausten. ’Karl Foerster’ er meir kompakt enn arten. Trivst best i sol eller delvis skugge. Vanleg hagejord. 100 cm. høg. Bilete1 Bilete2 Bilete3

2014    Calamagrostis x acutiflora ’Overdam’        røyrkvein (kvitstripa)
Som over, men med kvitstripa bladverk. Har stivare stenglar enn ’Karl Foerster’ og held seg derfor betre oppreist, sjølv når aksa er tunge av regn. Bilete1

2018   Carex morrowi ’Ice Dance’             japanstarr                  Ny
Tette stive, stive vintergrøne tuer. Tydelege gul-kvite striper langsetter ytterkant av blada. Toler vintersola betre enn C. m. ’Variegata’? Trivst  best på litt fuktig jord. Spreier seg lett med korte rotskudd. Sol eller delvis skugge. 30 cm høgt.

2015    Carex morrowii ’Variegata’ japanstarr
Tette, stive, vintergrøne tuer. Smal, gulkvit stripe nær bladkanten. Trivst best på litt fuktig jord.. Trivst både i sol og skugge. 30 cm. høgt

2017    Carex muskingomensis        skråningstarr
Lysegrøne bla som går rett ut frå strået. Lett overhengjande blad som gjev eit eksotisk  preg. Tette brunraude blomsterstandar frå juli.Føretrekkjer litt fuktig jord, gjerne i delvis skugge. 50-70 cm høgt. Bilete1 Bilete2

2020    Deschampsia cespitosa ’Goldschleier’       sølvbunke
30 cm høgt gras, 60 cm med aks. Mørkegrøne blad dannar flotte, tette tuer. Lette, luftige aks i juni-juli. Vakker, gylden haustfarge. Sol til delvis skugge, gjerne humusrik jord. Bilete

2031   Deschampsia cespitosa ’Bronzeschleier’                sølvbunke
50 cm, med aks 100 cm. Bløming frå juli. Elles som over.

2032   Festuca gautieri                    bjørnesvingel
15 cm – 25 cm høgt. Tette mørkegrøne tuer som breier seg utover. Aks i juni –juli. Trivst best i full sol.

2033   Festuca glauca ’Elijah Blue’                       blåsvingel
20-35 cm høgt. Smale blad med stålblå farge. Krev godt drenert jord og full sol.
           
2002    Glyceria maxima ’Variegata’           kjempesøtegras
Trivst i fuktig jord, kan veksa på 20 cm. djupt vatn. Stripete bladverk som er raudleg fyrst i sesongen, men som sidan vert meir gule med grøn kant. Spreier seg med utløparar. 80-100 cm. høgt. Vert produsert berre etter tinging.

2022    Hakonechloa macra             hakonegras                Ny
90 cm. Tueform, sterkt overhengjande bambusliknande blad som bøyer seg mot marka. Elegant, overfløymande vekst, som kan minna om rennande vatn når planta i større grupper. Mørkt grønt bladverk. Trivst best i vandrande skugge, fuktig jord, men veldrenert. Toler ein del turke.

2023    Hakonechloa macra ’Albostriata’              hakonegras                Ny
            90 cm. Som arten, men ein del av blada er kvitstripa.

2003    Holcus mollis ’Albovarigatus’          krattlodnegras
Dekorative , kvitstripa blad. Veks i runde tuer, spreier seg med korte utløparar. Sol eller delvis skugge. 40- 50 cm høgt.

2003    Luzula sylvatica         storfrytle
Likar seg på skuggefulle stader. Humusrik jord. Breie glinsande blad i tette rosettar. Vintergrøn. Spreier seg med utløparar. Botndekkande. Brunlege blomsterstandar i mai.
30-40cm høgt.

2024    Imperata cylindrica ’Red Baron’               japansk bommullsgras         Ny
30-50 cm høgt. Set ikkje aks, men dei raude bladtoppane er svært dekorative. Desse vert meir og meir raude utover sesongen. Opprett vekst. Denne sorten spreier seg ikkje, men held seg i kompakte tuer. Svært vakker som kontrastplante i eit botndekke av låge stauder. Dette graset er lite harført og overvintrar berre på dei beste vekseplassane hjå oss. Må elles takast inn for vinteren, eller brukast som eittårig. Bilete1

2004    Luzula sylvatica        storfrytle
Likar seg på skuggefulle stader. Humusrik jord. Breie glinsande blad i tette rosettar. Vintergrøn. Spreier seg med utløparar. Botndekkande. Brunlege blomsterstandar i mai.
30-40cm høgt. Flott solitærplante.

2021    Miscanthus floridulus ’Giganteus’              elefantgras
300 cm høgt, breie mørkegrøne blad med kvit midtstripe. Tydeleg overheng. Bevegelse og raslelyd ved det minste vindpust. Ingen aks. Bilete1 Bilete2

2007   Miscanthus sinensis ’Dronning Ingrid’         silkekinagras
110-140 cm. Nok omeir opprett vekstform enn mange andre silkekinagras. Raudlege, glinsande aks mot siste halvdel av september. Blad og stenglar får vakre haustfargar. Trivst best i sol og næringsrik, godt drenert jord.

2005    Miscanthus sinensis ’Ferner Osten’           silkekinagras
Elegante overhangande blad, med raudleg midtstripe. Stilk og blomsteraks er raudlege, aks vakkert glinsande. God vekstform. Vakker solitærplante. Trivst best i sol og næringsrik jord. 150-180 cm høgt.

2013   Miscanthus sinensis ’Flamingo’        silkekinagras
120-140 cm. Overhengjande blad og aks. Aks mot slutten av august, sølvaktige med svakt rosa skjer. Trivst best i sol og næringsrik, godt drenert jord. Bilete

2016    Miscanthus sinensis ’Kleine Fontäne’        silkekinagras
Som over, men ikkje fullt så raudlege stilk og blomsteraks. Kjem derimot tidlegare i bløming, august- september. Ser ut til å vera ein god sort for norske tilhøve. Bilete1 Bilete2       

2025    Miscanthus sinensis ’Kleine Silberspinne’ silkekinagras             Ny
120-150 cm. Opprett vekst. Overhengjande sølvfarga aks mot slutten av august.
Eit lovande kinagras.

2006   Miscanthus sinensis ’Maleparthus’        silkekinagras
160-180 cm. Overkengjande blad, med tydekeg kvit midtstripe som vert meir raudlilla utover hausten. Raude aks siste halvdel av september. Varm vekseplass, god jord og god drenering. Bilete

2026    Miscanthus sinensis ’Yaku Jima’               silkekinagras             Ny
140-160 cm. Lys brune, opprette aks mot slutten av september.

2008    Molinia arundinacea ’Karl Foerster’                  kjempemolinia
Høgt, staseleg gras som dannar store tuer. Overbøygde blad. Stive høge strå med fiolettgråe toppar. Trivst i full sol  på mineraljord. God, lys haustfarge. 120-160 cm høgt.

2034   Molinia arundinacea ’Windspiel’
60-22 cm høgt. Store aks i august, har også prydverdi om vinteren. Opprett vekst.

2009    Molinia arundinacea ’Transparent’ kjempemolinia
Vekstform som over, men med florlette, nesten gjennomsiktige aks. Svært elegant. 160-180 cm høgt Bilete

2027    Molinia caerulea ’Dauerstrahl’                  blåtoppmolinia          Ny
40- 100 cm. Mørke aks i juli-august. Gyllengul haustfarge. Stråleforma vekst på stråa. Robust gras som trivst i sol eller vandrande skugge.

2010    Molinia caerulea ’Moorhexe’          blåtoppmolinia
Stivt opprett tueforma gras med mørk grøne blad. Aksa er blåsvarte. Brungul haustfarge. Trivst i full sol på dei fleste jordtypar. Bilete    

2011    Molinia coerulea ’Variegata’           broket blåtoppmolinia
Stripete blad med gyllengul farge. Stivt opprett vekstform. Ein av dei gode tofarga prydgrasa. Trivst i full sol. 40 cm høgt. Bilete1

2028    Panicum virgatum ’Heavy Metal’              hirse               Ny
100-130 cm. Opprett vekst. Toppane på det grøne bladverket har ein gråblå metallfarge-liknande. Svært luftige, glinsande aks som høver godt i bukettar.
Full sol.

2029    Panicum virgatum ’Squaw’                        hirse                           Ny
120-140 cm. Overhengjande vekst. Grønt bladverk som gjerne får raudleg farge på hausten. Luftige dekorative aks som hos ’Heavy Metal’. Full sol.

2012    Spartina michauxiana ’Aureomarginata’                kansasspartina
Lange hangande blad med tydeleg gule striper. Fine haustfargar.  Spreier seg med utløparar. Vakre, særprega aks. Svært god å bruka i bukettar/dekorasjonar. Toler saltvatn. Arten kjem frå Nord-Amerika og veks naturleg langs elvekantar. Sol eller vandrande skugge. 150 cm høgt. Bilete

2030    Stipa gigantea           kjempefjørgras                                 Ny
40-140 cm. Lange, lette aks i juni-juli over låg tue med grøne, smale blad. Fantastisk effekt. Som solitær eller i grupper i botndekke av stauder. Full sol. Bilete1

Høgde 40-140 cm tyder; 40 cm utan strå, 140 cm med strå. Dette gjeld for alle på denne lista.

Gjennom sesongen 2011, vil me setja fleire sortar gras i produksjon. Ta kontakt om det er spesielle sortar du er ute etter.