line decor
  
line decor

 
 
 


 


 

Gartneriet vårt er eitt av dei få som produserer stauder som pluggplanter til anlegg. Pluggplantene me leverer vert produsert i skogplanteplugg-kassettar, type M60. Dei har eit tverrmål på 4 cm. og ei djupn på 8,5 cm. Kassettane har styrelister som gjer at røtene må trekkja nedover, ein unngår rotsnurr. Dette er kraftige planter med godt rotsystem. Dei er rimelege i innkjøp og planting med holpipe gjev ei effektiv utplanting. Kvar plugg har eit rotvolum på 93 cm3
Til anlegg, der ein gjerne plantar mange planter av same sort, er pluggplanta eit godt alternativ. Det gode rotsystemet gjer at plantene etablerer seg raskt og kjem såleis raskt i god vekst. Ajuga, Alchemilla mollis, Geranium macrorrhizum, Geranium cantabrigiense, Lamium, Lamiastrum, Galium odoratum, Sedum, Tiarella er sortar som kan eigna seg for utplanting som pluggplanter.
I tillegg er alle naturfloraplantene produsert i dette systemet. Svært veleigna for denne type planter.
Plugg M60 er og eit godt utgangspunkt for vidareproduksjon. Salet av desse plantene til andre gartneri har hatt ein monaleg auke siste åra. I vekstsesongen tek det berre få veker frå potting til full gjennomroting i ei 9 cm. potte, til dømes. Mange av sortane, produsert for sal til vidareproduksjon, vert produsert som vefipluggar. Er du interessert i liste over pluggplanter til vidareproduksjon, ta kontakt.