|
Ljono stauder produserer også planter frå norsk natur. Urter både frå eng og skog. Alle desse plantene vert produsert som M60 plugg. Sjå under pluggplanter. .
Mange av våre viltveksande stauder, har absolutt sin plass i offentleg grøntareal. Urter frå skogen eignar seg godt til bruk som undervegetasjonsplanter i opne skogsparti eller til bruk i i kantsoner.
Mange av engplantene eignar seg m.a. godt til bruk i magre, vanskelege vegskråningar. Eller på andre vekseområde der ein ynsker naturleg revegetering, .
Bileta nedanfor er i frå to ulike prosjekt
1. Ulvik Herad. Bratt vegskråning av morenemassar.
2. Statoil ASA. Dyneheieng ved Statoil gjestehus, Solastrand.

|
|